mandag 27. april 2009

Sidemål og essaywiki

Vart lang bloggepause dette, men det var altså ganske mange som ikkje har sidemålet heilt present ja. Ikkje ein gong når dei treng det, som dei jo gjer når dei skal skrive "sidemålsstil" på skolen. I bloggosfæren (t.d. her og her) og på d&b (t.d. her) har det vore debattar om sidemålet og 3 karakterar. Men kva hjelp er det i at lærarane diskuterer og har nyanserte meiningar om sidemålet? Dette er ei sak som må løysast på politisk nivå, og eg ser ikkje for meg at politikarane vil ta sjansen på å rote seg inn ein språkstrid av noko slag. Status quo er ein visjon som står til truande når ein snakkar om sidemål og skole.

2 ST skal prøve wikiskriving i norsken. I grupper på fire skal dei skrive eit essay på dugnad på ein wiki på wikispaces. Eg har ikkje prøvd dette før, og er spent på korleis vi skal organisere det på ein fornuftig måte. Kanskje er ikkje wikispaces det beste programmet for formålet heller, t.d. taklar det ikkje at fleire lagrar samstundes. Da kan det bli sletting og tullball i staden for sam-arbeid. Kanskje prøver vi Google docs neste gong. Elevane ser i alle høve ut til å vere takknemlege over å få skrive norsk-tekstar på ein ny måte. "Takknemlege" var vel kanskje for sterkt sagt: nokså positive er kanskje meir dekkande. Essay er no elles ein vanskeleg sjanger, meiner mange av dei, og det har dei jo rett i. Det skal i bli artig å sjå om wiki-konseptet får fram litterære og/eller filosofiske årer eg ikkje har sett før.

mandag 9. mars 2009

Kanon-aksept og skrivedag i sidemål

Jo, mange av elevane var heilt samde i at det finst dikt ein kjenne, - på same måte som det finst musikk og bilete ein må ha kunnskap om for å reknast som eit opplyst og danna menneske. Brudeferden i Hardanger og Skrik vart nemde som døme.  (Konforme er eit ord som renn meg i hug!)

I morgon skal lærarane av stad for å ha fagdag saman med lærarar på andre vg. skolar i regionen, og elevane i 2st skal ha skrivedag på sidemålet. Alle hjelpemiddel er lov - internett medrekna! Vi har ikkje arbeidd aktivt med sidemålskunnskapane  etter terminskiftet i slutten av januar, og eg er litt spent på kor godt elevane greier å halde nynorskkunnskapane "inne". Det er jo dit vi skal; at dugleiken sit og ikkje må byggjast opp på nytt kvar gong sidemålet skal brukast! Dei har fått utlevert to noveller (som pdf-filer på Fronter) i ettermiddag for å vere godt budde til novelletolking i morgon. Vidare har dei fått vite at det kjem oppgåver om bomringar og vinter. Ikkje så originalt, men alle burde ha grunnlag for å skrive lange,  gode nynorsktekstar som norsklæraren kan kose seg med i nokre (mange?) dagar framover. Grønntusjane ligg klare!

onsdag 4. mars 2009

Kanon-stafett

De siste to dagene har 2. studiespes. lest og jobbet med Til min Gyldenlak og Mig selv av Henrik Wergeland.  Som "motivasjonsfaktor" har jeg påpekt at disse  to dikta - sammen med Digtets Aand av Welhaven- ikke er til å komme utenom. De er kanoniske og hører med til grunnutrustningen for et velutdannet menneske i Norge. Dette gjelder i dag like mye som for 40 år sida da norsklærereren fikk sin akademiske sertifisering i form av en examen artium som det het. Ingen protesterte! Godtok  de resonnementet? Gir de egentlig blanke, men bare svelger unna det jeg insisterer på de skal ha med seg? Vanskelig å si syns jeg; jeg får kanskje spørre dem direkte? Selv er jeg i tvil om det var riktig å velge en tradisjonell kronologisk gjennomgang av språk - og litteraturhistorien  fram til 1870 slik læreverket innbyr til som en av to tilnærmingsmåter. Alternativet er en gjennomført temabasert årsplan med risiko for å hoppe (u)elegant forbi ymse kanoniske verk. Ville ikke det vært mer interessant og utviklende for elevene? Praktiseres det kulturhistorisk grunnmursbygging i norsktimene i fedrelandets stud.spes.-klasser lenger? Det vet jeg egentlig for lite om.   Uansett: Jeg liker i hvertfall Mig selv og koser meg med  Wergelands ekvilibristiske og i poetiske vendinger ikke altfor godt kamuflerte journalist-forakt. Hvordan kan de unngå å begripe at han ikke er i slett lune, men derimot oppslukt engasjert og/eller lynende forbanna, men stadig med et glimt i øyet? At Morgenbladet faktisk nektet å trykke diktet, må jo ha vært en triumf. De bekreftet jo grunnlaget for hans hån!


torsdag 26. februar 2009

"Stilbunke"

I går kveld fikk jeg inn 22 stiler via ei innleveringsmappe på Fronter, - alle tolkninger av novella Kruttrøyk av Torborg Nedreaas. Elevene skulle bruke et novelletolknings-kurs i PANORAMA ved tolkinga, noe som førte til at de aller fleste stilene er svært like i oppbygging. Kanskje var det en feil å bruke ei så kjent novelle. Daria.no har jo ei rekke gode tolkinger til fri bruk. Selv om jeg instruerte elevene om å ikke å lese disse tolkningene, er det tydelig at mange har gjort det. Kanskje er det greit? Dermed har de fått et bilde av hvordan sjangeren novelletolking skal utføres. Vi brukte en dobbel norsktime samme dag som stilen skulle leveres til å skrive og lese og diskutere på skolen. Det tror jeg var nyttig hvis jeg skal stole på elevenes utsagn. De var sårt eninge om at den "metoden" var bra.

onsdag 25. februar 2009

Første post

Dette er første innlegget på grønnblyant. Eg skal prøve å lære meg dette.